Navigasjon

Forstå historien, forstå deg selv

Olai Skreien – Bursdagssang

Det er mye som kan fortelle noe om en person, slik som denne bursdagssangen som ble skrevet til Olai Skreien (1877-1953), min tipp-oldefar sin 70-årsdag. Sangen er skrevet av hans bror Johannes «Jakob» Skreien (1880-1967) og ble fremført lørdag 5. juli 1947. Her får man både hint til hvordan oppveksten var, og mer til – derfor kan det være smart å ta vare på slike gamle klenodier; du kan få mer ut av det enn hva du kanskje tror (Last ned original som PDF).

Til Olai på 70-års dagen (5. juli 1947)
Tone: Mannen han gjekk seg på vedaskog

I atten sju og sytti kom storebror,
hei-fa-ra- kom storebror,
på Bispegarden til far og mor.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Og guten vaks og vart rund og kjekk,
hei-fa-ra- vart rund og kjekk.
Olai, det var namnet som guten fekk.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

I hønseflokken han likte seg godt,
hei-fa-ra- han likte seg godt.
Der gjekk han og stabba den vesle pjott.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Han stundom tok hanen i stova inn,
hei-fa-ra- i stova inn.
Og sette han frå seg på stolryggen sin.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Olai han snart laut på skulen gå,
hei-fa-ra- på skulen gå.
Om vinteren gjekk han med tresko på.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Men regnde det, hadde Olai for skikk,
hei-fa-ra- Olai for skikk.
Å ganga med tresko og «skjøtemanik».
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

I skulestova Olai han gjekk,
hei-fa-ra- Olai han gjekk.
Han skuleborni på låtten fekk.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Olai vart vaksen, og då han gjekk,
hei-fa-ra- ja då han gjekk.
I frydenlund til ei gjenta kjekk.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Olai han fridde og han fekk ja,
hei-fa-ra- ja han fekk ja.
Ho Berta vilde Olai’en ha.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Ved Olsok-helgi, eg sikkert trur,
hei-fa-ra- eg sikkert trur,
Ho Berta vart pynta som krunebrur.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Herzog han var i Olai so glad,
hei-fa-ra- i Olai so glad.
Ei plata av brudlaupet vilde han ta.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Han stilte opp alle på seng’kanten fram,
hei-fa-ra- på seng’kanten fram.
Men me kom på låtten, so det vart ei skam.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

For Herzog han hadde so lange føt,
hei-fa-ra- so lange føt.
Hår han skulde klikka, då lo me støtt.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Eg hadde slik hug å det bilete sjå,
hei-fa-ra- det bilete sjå.
For kvinnfolki dei gjekk med bunad på.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Eg trefte Olai og spurte so blid,
hei-fa-ra- eg spurte so blid.
Då fann han den gamle sjålykta si.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Han bilate brukte til lykteglas,
hei-fa-ra- til lykteglas.
Me hadde nok skratta den plata i knas.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

I eventyret so mykje finns,
hei-fa-ra- so mykje finns.
Og året etter dei fekk sin prins.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Og so ei prinsesse dei fekk til slutt,
hei-fa-ra- dei fekk til slutt.
No hadde dei både gjenta og gut.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Dei kjøpte seg hus, dei budde so flott,
hei-fa-ra- dei budde so flott.
Nett som ein konge i eige slott.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Ei Olsokhelg gifte han dotteri bort,
hei-fa-ra- ja dotteri bort.
Han Ludvik fikk ho, og so var det gjort.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

I fjor han Olai han kjøpte ein båt,
hei-fa-ra- han kjøpte ein båt.
Han lika so godt høyra motorlåt.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Ein dag han i båten sin skulde ombord,
hei-fa-ra- han skulde ombord.
Uheldigvis da han i sjøen for.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Hatten hans siglde på sjøen so flott,
hei-fa-ra- på sjøen so flott.
Men fullmånen lyste i nakken so godt.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

Olai han kom oppatt med hatten på,
hei-fa-ra- med hatten på.
Slik meister i sjøen du ei kan sjå.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

I dag han Olai han er sytti år,
hei-fa-ra- ja sytti år.
Han nett som ein ungdom i blant oss går.
Hei-fa-ra. Pel-tu-ril-tu-ral-tura.

I dag eg tykkjer det høver bra,
hei-fa-ra- det høver bra.
Om han fekk eit tre ganger tre hurra.
Hurra-hurra-hurra-hurra-hurra-hurra.