Familien Brudvik

Brudvik, Røedvang, Bjørkelund, Nygård

Jan N.N.

Jan N.N.

Mann Ca 1589 - Ca 1650  (~ 61 år)  Submit Photo / DocumentSubmit Photo / Document

Personlig informasjon    |    Notater    |    Hendelseskart    |    Alle    |    PDF

  • Navn Jan N.N. 
    Kallenavn Johan Frantzen Mentz 
    Slektskapmed Kjell Arne Brudvik
    Født Ca 1589  Vevatne, Tysnes, Hordaland, Norway Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    Kjønn Mann 
    Død Ca 1650  Vevatne, Tysnes, Hordaland, Norway Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    Person ID I1017  Brudvik
    Sist endret 23 Apr 2013 

    Familie Marta N.N.,   f. Ca 1580,   d. Ca 1644, Vevatne, Tysnes, Hordaland, Norway Finn alle personer med hendelser på dette stedet  (Alder ~ 64 år) 
    Barn 
    +1. Torkel Johanson Mentz,   f. Ca 1610, Vevatne, Tysnes, Hordaland, Norway Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. 1662, Bolstad, Evanger, Hordaland, Norway Finn alle personer med hendelser på dette stedet  (Alder ~ 52 år)
    Sist endret 23 Apr 2013 
    Famile ID F339  Gruppeskjema  |  Familiediagram

  • Hendelseskart
    Link til Google MapsFødt - Ca 1589 - Vevatne, Tysnes, Hordaland, Norway Link til Google Earth
    Link til Google MapsDød - Ca 1650 - Vevatne, Tysnes, Hordaland, Norway Link til Google Earth
     = Link til Google Earth 

  • Notater 
    • Jan vart ofte nemnd som Johan i kjeldene og overtok hovuddelen av Vevatna i 1606. Frå om lag 1640 hadde han og Marta heile garden. Jan Vevatna måtte i 1606 bøta 2,5 dalar for "jomfrukrenkelse". Det var vel den komande kona han såleis "krenkte". Jan var ein storkar og truleg bergensar av opphav. Ein Frantz Mentz er nemnd borgar i Bergen i 1560-åra. Men Mentz-ætta kan ikkje vera skotsk, som det har vore hevda. Namnet kan heller ikkje vere hollandsk eller tysk. Jan er sjølv ikkje nemnd med slektsnamnet i kjeldene, men sonen Ingebrigt brukte det seinare. Kan hende var han ein slektning av ein Sander Mens som er omtala i 1631, då kona hans gav grunnleiga i Etne skipreida (Engelsgjerd?).

      Jan dreiv med skog- og sagbruk heime på Vevatne, og det var nok dei gode tidene innafor denne næringa som hadde drege han ut av byen. Jan Vevatna var fast lagrettemann over fleire tiår, noko som viser posisjonen han hadde i bygdesamfunnet. I 1633 måtte han forresten sjølv for retten og vart funnen skuldig i å ha funne ein slipestein som tilhøyrde ein annan, utan å gjere dette kjend. Bota var heile 8 riksdalar, nesten verdien av tre kyr. For eit sildegarn han fann samstundes, og like eins dølgde, måtte han bøta 2 riksdalar.

      Enkja Marta hadde del av jorda etter han fram til slutten av 1650-talet.

      Han eigde mindre jordepartar i 1624. Dette var i Hodlekje, i Nera-Lunde i Tysnes og i Bakka i Strandebarm. Sidan auka eiga hans til 1 spann smør 1/4 hud i Nera-Lunde, 5 spann smør 1hud 1 geiteskinn i Nera-Bolstad (Hålandsdalen), 1 laup smør 1/2 hud i Børsheim, 1/2 laup 9 merker smør 1/2 hud i Risa, 20 merker smør 1 geiteskinn i Grønnevik og 1 spann smør i Bakka, alle i Strandebarm. Godset i Bolstad hadde han fått pantebrev på i 1627, mot lån på 100 dalar "och en Hest". "Beskjeden mand Johan Frantzen paa Vevatne" fekk i 1637 skøyte på ein odelsjordpart i Skogseide i Hålandsdalen av Haldor Olson på Årra. Ei tid eigde han også Tombra i Hålandsdalen.

      Han hadde såleis gode innkomer av landskyld. På Vevatna sat han sjølv som leiglending.