Kilder |
- [S5] Vaksdal Kommune, Vaksdal Bygdebok, (Vaksdal Kommune), 13 03 2013, http://vaksdalhistorielag.org/wiki/index.php?title=Vassdal#BNR._1 (Troverdighet: 1).
1721 fekk Johannes Monsson Vassdal fornya bygselsetel i samsvar med ei kongeleg forordning. Den fyrste bygselsetelen hans var truleg frå om lag 1710. 1711 var Johannes Monsson nemnt i major Storms rulle over vernepliktige børseskyttarar, men han hadde ikkje gjort teneste.
Johannes Monsson 1670-1756 var g.1 .g. 1687 m. Ingebjørg Olsdtr. Søre Myking frå Gjerstad, 1667-1734.
Born:
Marta 1698-, g.m. Anders B. Kyrkje-Bruvik bnr. 10.
Johannes Monsson g.2.g. 1735 m. Marta Johannesdtr. Olsnes 1695-1789. Det vart halde skifte etter Mons 1756, men dette skiftebrevet har det ikkje lukkast oss å få utskrift av. Derimot har me utskrift av skiftebrev 1758 etter sonen Mons 1749-1757. Han etterlet seg ein arv på 20 rdl., som vart delt mellom mora og syskena.
Born:
Ingebjørg 1736, er med i skiftet 1758.
Johannes f. og d. 1738.
Kari f. og d. 1739.
Kari 1740, er med i skiftet 1758.
Johannes 1743-, brukar på Njåstad, g. 1763 m. enkja Magdeli Andersdtr. Njåstad. Sjå Gjerstad. S. 227.
Marta 1747-, g.m. Johannes J Tveiten. Sjå Hosanger I del 1 s. 404.
Mons 1749-1757.
Johannes 1750-1758.
1757 bygsla Jakob Tomasson Hana dette bruket. Han gifte seg same året med enkja etter den førre brukaren, Marta Johannesdtr. 1695-1789. Jakob og Marta hadde ikkje born.
Jakob Tomasson 1736-1805 gifte seg 2.g. 1789 m. systerdotter si, Magdeli Olsdtr. Hana 1768-1827. 1768 var Jakob lagrettemann for Mjelde skipreide.
Born:
Brita 1792-.
Marta 1794-.
Tomas 1795-. Sjå bnr. 2.
Synneva 1796-1810.
Olav 1799-, sjå plasset Vassåsen nfr. og Løtveit bnr. 4.
Magdeli 1801-, g.m. Markus Knutsson Ytre-Bruvik, brukar her.
Jakob 1805-.
Ved skiftet etter Jakob Tomasson 1806 var bruttoen i buet knapt 220 rdl. Nettoen var vel 185 rdl.
|