Familien Brudvik

Brudvik, Røedvang, Grønvold, Bjørkelund, Nygård, Edvardsen, Sørensen, Hansen, Pedersen

Historier

» Vis alle     «Forrige «1 ... 10 11 12 13 14 15 16 17 18 ... 25» Neste»     » Lysbildefremvisning

Historie om Ludvig Orning, hentet fra Svein Ernstsen.

http://svein-ernstsen.no/showmedia.php?mediaID=29

  • Orning, Ludvig Christian. F.ca. 1701/1702 i Bergen. 
  • Kom i tjensten ca. 1715. 
  • Stod først ved Landkadettkorpset i 10 år og så ved 1.Opl.nasj.regt. fra ca. 1725. 
  • Fenr. ved dette regt.s M. Hedemarkske komp. 16.6.1730.
  • Pr.lnt.s kar. 28.8. 1733. 
  • Virk.pr.lnt. ved samme regt.s S.Gudbr.dalske (S.Fronske) komp.21.9.1736.
  • Kpt. og chef for regt.ets 1.Gudbr.dalske landv.komp. 13.8.1747. 
  • Fikk Lesjeske linjekomp. fra 26.10.1752.
  • Maj.s kar. tildelt 3.3.1762 med anc. fra 19.8.1761.
  • Avskjed 1.5.1765 med 175 rdl.årl.pens. 
  • Død 6.2.1779.
  • Gift 18.8.1746 i Stange med Anne Cathrine Lange.

Ref.Mil.biografi av Stabsfanejunker Olai Ovenstad
Den norske hærs offiserer 18.1 1628 - 17.5 1814
Utgitt 1948

Major og husmann
Avslutningsvis vil eg - mest som ein kuriositet - nemne kapteinen, seinare majoren, som var husmann på Lesja i 24 år (kona i 34), på plassen Tjukholen under storgarden Holåk. Plassen - som vi ikkje kjenner den nøyaktige lokaliseringa av - låg truleg nedafor garden, ned mot det gamle Lesjavatnet.37 
I samband med ei rettssak om ein annan plass i 1735 er det nemnt at Holåk hadde lagt inn Tjukholen 14 år før, altså kring 1720. Så langt eg kan sjå, var det "vanleg" husmannsplass i dei fyrste 20 åra. Så budde det folk sporadisk her, framover mot midten av 1750-åra. Da kom det eit par høgst uvanlege "bygslarar" inn på Holåk - kompanisjefen for "Lesjeske linjekompani, Velbyrdige Hr. Capitaine" Ludvig Orning, og kona, Anna Lange. Det er vel ikkje usannsynleg dei var omgangsvener med gardfolket på Holåk.

Av ein eller annan grunn likte dei seg så godt i bakkane nedafor garden at dei bygsla Tjukholen og budde der resten av livet. 

Bygselskontrakten er ikkje formulert nett slik han var for vanlege husmenn på denne tida. Brukarane her overdrog på bygsel ein "Plads Tiugholen kaldet, tillige med et Engeland kaldet Grønsnippen, til (Orning og kona) for deres Livs tid eller saa lenge De selv behager, hvilken dog (ikkje) allene maa bruge og beboe, men endog benøtte sig af dens Ager og Eng ... samt af Gaardens tilliggende skog til bygningsTømmer og brennefang, ligesom og dens Sæter og Havning for deres Creaturer, illigemaade af Fiskeriet som under Gaarden er beliggende, dog uden at forhindre mig og mine at vi jo maa benytte oss av hvad som egentlig ikke er Pladsen i seg selv vedkommende, for hvilken Plads og engeland vi ere forenede om 8 rd i aarlig avgift ... og er vedtatt at 
dens fornødne huuse og bygninger skal forsvarlig vedligeholdes, og at hva som i saa maate bekostes skal følge Pladsen undtagen andseeligere og kostbare(re) bygninger end en husmands Plads andstaar, thi saadanne bliver Capitainen tilhørende".

I førstebygselsavgift betalte dei ikkje mindre enn 30 daler. Kapteinen (som seinare vart major) og frua likte seg altså så godt at dei vart verande "plassfolk" livet ut. 

Orning var sjef for kompaniet frå 1752 til 1765 da han gjekk av med 165 daler i årleg pensjon. Han døydde i 1779, og skiftet etter han syner at dei sikkert hadde hatt råd til å bu ein annan stad. Det var m.a. sølv verd om lag 70 daler, i tillegg til mykje fint innbu, som bestikk, tallerkar, tinnfat o.l. Gravferda etter majoren kosta 24 daler, og det vart att 99 daler til skifte mellom kona og døtrene. Kona, Anne Catharina Lange, vart buande her i ti år til, til ho døydde i 1789. I skiftet etter ho var det vel 50 daler i netto formue. Ei dotter, Cathrine Hedvig, budde òg her så lenge mora levde.

Eier av original/KildeArnfinn Kjelland
Linket tilLudvig Christian Mortensen Orning

» Vis alle     «Forrige «1 ... 10 11 12 13 14 15 16 17 18 ... 25» Neste»     » Lysbildefremvisning